Holocaustformidling i Norden

Korleis formidlar vi Holocaust i Norden? Kvar er vi i dag, og kvar er vi på veg? Bli med på samtalen, du også.

Karin K. Geverts (t.v.), Cecilie F. S. Banke og Anette H. Storeide snakkar med direktør Guri Hjeltnes om Holocaust-formidlinga soms kjer i Norden i dag.

Meld deg på her.

Formidling av Holocaust har fått ei stadig meir institusjonalisert form i Noreg. I museum og på freds- og menneskerettsentra blir det i dag løfta fram ulike lokale, regionale og nasjonale historier frå Holocaust.

Den overordna målsetjinga med dette seminaret er å bringe saman utøvande undervisarar og formidlarar frå desse institusjonane, i lag med forskarar med interesse for Holocaust som eit historiekulturelt fenomen, for å diskutere utfordringar og moglegheiter i formidling og undervisning i dette temaet.

PROGRAM

Kl. 9.00-9.15, opning

Direktør ved HL-senteret, Guri Hjeltnes, helser velkommen.

 

Kl. 9.15-10.15, sesjon 1

Holocaustformidling i Norden: Kvar er vi, og kvar er vi på veg?

Vi ønsker i denne innleiande sesjonen å gje eit komparativt nordisk perspektiv. Vi spør korleis situasjonen for formidling og undervisning om Holocaust er i dei nordiske landa, og kor vegen går vidare.

Representantar frå tre nordiske institusjonar vil gjere kort greie for korleis situasjonen for formidling og undervisning om Holocaust er i dei respektive landa. Dei vil òg peike på nokre utfordringar og moglegheiter for formidling om holocaust i vår tid og korleis den nasjonale og lokale konteksten kan vere både ein ressurs og ei utfordring.

Paneldeltakarar:

  • Anette Holmlung Storeide, forskar ved Falstadsenteret.
  • Karin Kvist Geverts, førsteamanuensis i historie og direktør for Svenska institutet för Förintelseforskning.
  • Cecilie Felicia Stokholm Banke, seniorforskar ved Dansk institut for internationale studier.
  • Ordstyrar: Guri Hjeltnes, direktør ved HL-senteret.

Kvar deltakar får ti minutt til å gje ei innleiing, og deretter følgjer ein open diskusjon med spørsmål frå det digitale publikummet.   

 

Kl. 10.30-12.00, sesjon 2

Holocaust i norsk skule: minoritetsperspektiv, lærarperspektiv og didaktiske moglegheiter

Korleis ser undervisninga om Holocaust i norsk skule ut? Vi har invitert forskarar med pågåande prosjekt som frå ulike perspektiv kastar lys over korleis ein underviser om Holocaust, korleis møtet med holocaust i skulen kan opplevast, og kva alternative tilnærmingar som kan utviklast.

Innleiarar:

  • Vidar Fagerheim Kalsås arbeider med eit forskingsprosjekt ved HL-senteret om erfaringar, utfordringar og moglegheiter i undervisninga om Holocaust i norsk skule.
  • Fredrik Stenhjem Hagen arbeider med ein doktorgradsstudie ved Høgskulen på Vestlandet om antirasistisk undervisning i den norske skulen.
  • Kristoffer Løkken Økland arbeider med ein doktorgradsstudie ved Universitetet i Bergen, der han undersøkjer korleis unge jødar og unge med jødisk bakgrunn opplever i norsk skule.
  • Solveig Moldrheim arbeider med ein doktorgradsstudie ved Universitetet i Bergen, om korleis bruk av gruppebaserte krenkingar på skulen kan være eit uttrykk for narrative forkortingar forankra i historien.
  • Marie Eberson Degnæs arbeider med ein doktorgradsstudie ved HL-senteret, der ho undersøkjer korleis unge vaksne jødar i Noreg har opplevd og opplever møtet med Holocaustminnet på ulike arenaer.
  • Marita Nygård har skrive om Holocaustdagen som ein arena for å minnes utryddinga av dei europeiske jødane blant skuleungdom i Noreg. Marita arbeidar som rådgivar ved Raftostiftelsen si undervisningsavdeling. 
  • Ordstyrar: Claudia Lenz, professor ved Menighetsfakultetet og forskar ved HL-senteret.

Kvar deltakar gir ei kort innleiing på fem minutt. Etter innleiingane følgjer ein open diskusjon om temaet.

Arrangør

HL-senteret
Emneord: arrangement, Holocaust, formidling
Publisert 7. apr. 2021 11:32 - Sist endret 30. mai 2023 09:53

Flere arrangementer