Holocaustundervisning på museum

I dagens to workshopar utforskar vi korleis gjenstandar, rom og museets lokale omgivnadar kan nyttast  i undervisninga om Holocaust på museum og kva ulike roller Holocaustformidling spelar ved institusjonane.

Hugs å melde deg på ein eller begge workshopane hos Vidar Fagerheim Kalsås.

 

Kl. 9.00-10.30, workshop 1

Holocaustundervisning på museum: Gjenstandar, rom og det lokale

I denne workshopen vil vi utforske korleis gjenstandar, rom og museets lokale omgivnadar kan nyttast  i undervisninga om Holocaust på museum.

Vi vil særleg diskutere korleis det materielle verkar når ein skal tematisere den dehumaniserande prosessen som var ei føresetnad for folkemordet, og korleis gjenstandar og stadar kan verke rehumaniserande når ein løftar fram erfaringane til offera.

Innleiarar:

  • Kristine Bjørndal-Lien, undervisningsavdelinga ved Jødisk Museum i Oslo
  • Rune Frøhaug, formidlar ved Jødisk Museum i Trondheim
  • Ulla Nachtstern, rådgjevar og formidlar ved Vestfoldmuseene
  • Lars Bjørndal-Lien, undervisningsavdelinga ved HL-senteret
  • Sebastian Klein, formidlar ved Falstadsenteret

Kvar representant vil gje ei innleiing på 5-8 minutt om korleis dei nyttar gjenstandar, rom og lokal geografi eller lokale minnestader ved eigen institusjon. Det blir påfølgjande diskusjon. Marie E. Degnæs ved HL-senteret vil leie samtala.

 

Kl. 10.45-12.15, workshop 2

Holocaustformidling i ulike kontekstar

I denne workshopen utforsker vi kva ulike roller Holocaustformidling spelar ved institusjonane. Nokre av institusjonane som deltek her, især nokre av freds- og menneskerettssentra, har ikkje formidling holocaust som hovudformål. Holocaust kan likevel vere ein viktig referanse i deira undervisning om menneskerettar, demokrati og rasisme.

Dei jødiske musea har formidling om den jødiske minoritetens historie som hovudoppgåve, mendan HL-senteret har undervisning om Holocaust i Noreg som sitt viktigaste formål. Men også desse institusjonane kjem i kontakt med og bidreg til å halde oppe tolkingsrammer som knytt Holocaust-undervisning til formål som demokratisk danning, menneskerettsoppseding osv.

Kva får dei ulike overordna formåla å seie for korleis undervisninga om Holocaust blir sjåande ut? Kva utfordringar møter vi på i dei ulike institusjonane når vi driv undervisning om holocaust?

Førsteamanuensis Jon Reitan frå Nord Universitet vil halde eit innleiande innlegg om ulike minnediskursar og tolkingsrammer som formidlinga av Holocaust vil kunne inngå i.

Deltakarane vil så bli delt opp i mindre grupper, kor ein vil diskutere problemstillingar og utfordringar knytt til sentra sin undervisning om Holocaust, og om Holocaust også har ei rolle å spele i undervisning om og for menneskerettar.  

Gruppene vil bli leia av:

  • Vidar Fagerheim Kalsås frå HL-senteret
  • Sebastian Klein frå Falstad-senteret
  • Marita Nygård frå Raftostiftelsen
  • Lars Petlund Breiby frå HL-senteret

Sesjonen vil bli avslutta med ei fellessamtale/oppsummering i plenum, leia av Vidar Fagerheim Kalsås.

 

 

Publisert 7. apr. 2021 14:15 - Sist endret 30. mai 2023 09:53

Flere arrangementer