Fridomens grenser 1814-1851. Handhevinga av den norske "jødeparagrafen"

Av Frode Ulvund

Den såkalla jødeparagrafen har gått inn i historia som ein pinleg skamplett på Grunnlova. Forbodet mot jødar stod ved lag fram til 1851. Sjølv om paragrafen er godt kjend og berykta, er kjennskapen til paragrafen si verknadshistorie liten. Korleis vart utestenginga av jødar handheva i praksis?

Basert på tidlegare ubrukt kjeldemateriale viser boka at «jødeparagrafen» raskt vart tatt i bruk, og at ei rekke personar vart utsette for bortdriving, utvising, store økonomiske krav eller fengsling. Før Grunnlova var eitt år gamal, var minst ni personar utviste eller fordrivne på grunn av forbodet.

Boka viser også at handhevinga av paragrafen utvikla seg frå ei prinsipiell og konsekvent utestenging til ei meir pragmatisk handheving. Det galdt særleg når det var i statsmakta sine eigne interesser. Boka diskuterer den norske politikken overfor jødar i ein brei europeisk kontekst. Sjølv om den norske lov givinga etter 1814 alt i si samtid vart oppfatta som særleg brutal, var den ikkje unik. Antijødiske haldningar og krav om antijødisk politikk var ikkje typisk norsk, men typisk europeisk.

Frode Ulvund er førsteamanuensis dr.philos ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen
 

Publisert 9. mai 2014 11:05 - Sist endret 1. juni 2023 16:40