Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust?

av Øystein Hetland

Etter tysk ordre organiserte Nasjonal Samlings regime hausten 1942 massearrestasjonar av jødar i Noreg. 772 vart sendt til utryddingsleirar. 34 overlevde. Kva visste folk i NS om kva som venta dei arresterte? Er det truverdig når dei etter krigen hevda at dei ikkje visste at jødane var i dødsfare? 

Dette heftet utforskar kva folk i NS kunne vita om folkemordet på jødane. Kva informasjonskjelder fanst? Kva konkret visste folk i NS-leiinga? Forsto dei og tok innover seg kva som haldt på å skje? I kor stor grad var deportasjonen av jødar frå Noreg i pakt med NS sine eigne ønske? Og kva ansvar låg i siste instans hos NS-leiinga for drapa på norske jødar?   

 
Øystein Hetland er Ph.D-stipendiat og prosjektkoordinator ved forskingsprosjektet: "Demokratiets institusjoner i møte med en nazistisk okkupasjonsmakt: Norge i et komparativt perspektiv".
Publisert 5. des. 2012 17:13 - Sist endret 1. juni 2023 16:40